I Trollbarnehagane ynskjer vi å gjere siste året i barnehagen til ei spesiell, unik og lærerik oppleving for barna. Barna skal få kunnskap om skuleretta opplæring som tal, bokstava, omgrep, form, mengd, blyantgrep og sjølvstendigheit. Vi vil at barna skal sitte igjen med mange gode opplevinga. Blant anna symje opplæring, tura, samt fra topp til tue i nærmiljøet og fem gode gjerninga. Vidare skal vi fremje gode og sunne matvana, der fisk og sjøliv blir fletta inn som ein del av russeopplegget. Vi ynskjer å vidareformidle til barna at naturen har eit rikt utval av verdifull, kortreist mat. Her vil vi gi barna kunnskap om ulike fiskearter, deira levesett og korleis ein lagar god og sunn mat. Personalet vil bruke det vi har lært på fiskesprellkurs både inne og ute. For at barna skal få mest mogleg ut av prosjektet, vil vi ta turar med båten, besøke fiskebedrifter/fiskebåtar i nærmiljøet. Bussane i Trollbarnehagane skal i utgangspunktet brukast til turar opp imot det pedagogiske opplegget som rosarussen har. Trollbarnehagane legg stor vekt på at rosarussen skal glede seg til å byrje på skulen. Vi vil ha eit godt samarbeid med foreldre og skulen, slik at kvart barn får ein trygg og god overgang frå barnehage til skule, og eventuelt til skulefritidsordninga. «Barnehagen skal bidra til at barna kan avslutte barnehagetida på en god måte og møte skulen med nysgjerrigheit og tru på eigne evner» (KD, 2017, s. 34).