Dei får eiga russeplass i garderoba, base i naustet i Toftestøda og rosarusskleder. Gjennom heile året blir det gjennomført spennande aktivitetar. Dei får øve seg på skuleforberedande oppgåver, ulike prosjekt, og spennande turar. Rosarussane er også på bading ca. to gongar i månaden.
Det er ekstra stas at dei har Trollbuda i Toftestøda. Det er rosarussane sin plass, og dei er der ofte. Om våren og sommaren er det ekstra kjekt med båtturar, fisking og fanging av krabbar. Den private tilgongen på brygge og fjære gjer det ekstra kjekt for borna.
Eit av russane sitt faste opplegg er fiskeprosjektet- der vi presenterar ulike fiskar og andre skapningar som bur i havet. Vi studerar kva som er inn i, lærar oss ulike fakta og smakar på. Aller kjekkast er det når barna sjølv får skjære i fisken sjølv!
Her er ein smakebit: