"Livet&Sånn er ein del av Helsedirektoratet sitt program for folkehelsearbeid i kommunane. Møre og Romsdal fylkeskommune vart med i dette programmet i 2019 og har fokus på innanforskap, barn og unge si psykiske helse og rusførebygging. Livet&Sånn starta som prosjekt i 2020 og vert støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom denne ordninga til og med 2026.
Livet&Sånn skal utvikle og implementere universalførebyggande tiltak. Tiltaka gjennomførast mellom anna som opplæring i folkehelse og livsmeistring for barn og unge, foreldre og tilsette i barnehagar og skolar. I tillegg lagar Livet&Sånn mykje støttemateriell for førebyggande arbeid som skal styrke og fremme psykisk helse, førebygge rusmisbruk og forhindre mobbing."
I Trollbarnehagane brukar vi Livet&Sånn saman med barna, personalet og foreldre.
For meir informasjon besøk heimesida til Livet&sånn: https://www.livetogsann.no/