Om Troll-lia

Velkomen til Troll-lia barnehage! Saman med våre ansatte arbeidar vi for å skape magiske stundar saman med borna. Vi set barna i sentrum - alltid.

Troll-lia er ein privat fire avdelings barnehage, som ligg i flotte landlege omgjevnader på Frøystad. Vi tilbyr heile og delte plassar. Barnehagen er brukarvennleg og vil lytte til foreldra sine behov.Vi dekker frukost-, lunsjbord og fruktmåltid kvar dag som blir laga av vår kokk. Arbeidsmiljøet er trygt og godt, og vi har eit nært samarbeid med Troll-myra barnehage.

Troll-lia legg stor vekt på naturopplevingar og læring i naturen. Vi deler barna inn i grupper, og jobber ut i frå det den enkelte barns sine interesser og forutsetninger. Uteområdet vårt ligg i ulendt terreng, og byr på mange spennande utfordringar. Vi har også kaninar og høner som vi mater, og tek vare på. Hønene legg ofte egg ungane får smake på. Vi har ein sansekjellar med ballbinge, leserom og eit rom i kjellaren vår som har temaet: «Havets botn» med prosjektor og eit stort akvarium. Desse romma vert nytta til sanse/språkstimulering, og gir inspirasjon til fantasien og kreativ leik.

Målet vårt er at alle skal få gode vennar, så vi legg vekt på tid og rom til å leike med kvarandre og bearbeide inntrykka ilag! Barna får delta og lære å ta vare på dyra våre;, kaninar, høner og akvariumsfiskar. Vi har også andre kjekke aktivitetar, som til dømes musikk og rytme, drama- og formingsaktivitetar, IKT, der barna har iPad til rådigheit til dømes spel, skriving og bilder.

Vi er opptekne av at alle, små og store, skal ha ein trygg, positiv og magisk barnehagekvardag!
Vi går ofte på tur til alle dei kjekke områda i nærmiljøet vårt. Der får borna fysiske utfordringar av ulik grad. Turane er både korte og lange. Turmål i nærområdet kan vere til gapahukane våre i «Regnbogeskogen» eller «Eventyrskogen». På begge plassane har vi moglegheit til å lage varmmat på gruve eller bålpanne. Vi kan gå til Torvika og sjå på Hurtigruta, «Nøtteskogen», Svartevatnet- for å undre oss i naturen eller til Frøystadbana for kjekk leik og utforsking. Vi har mange fine områder rundt oss i vårt flotte nærmiljø, så vi er mykje ute i naturen! Der kan vi leike, synge, ha samling, undre oss, lage og ete mat, oppdage, eksperimentere og mykje meir! Trollskogen har både grillplass, amfi og naturløype. Det er ein naturleg leikeplass som ungane likar seg godt i. Dei får også ekspermentere med hammar og spikar, sag og maling på trestubbar. Her lærer barna om å ta vare på naturen, naturkunnskap og å lage mat ute. 

I vår- og sommarsesongen har vi fokus på fjøreliv. Då er vi ofte å finne i fjæra eller i Trollbuda i Toftestøda. Der fiskar vi ofte krabbar frå bryggekanten, og vi får vere med ut på båtturar. I tillegg har vi eigne barnehagebussar, som gjer det enkelt å farte rundt.

Vi har fokus på tilknyting, det å skape gode relasjonar mellom barn-vaksne, barn-barn, personalet-foreldre som gir borna glede og trygge rammer i barnehagekvardagen deira. Det er viktig for oss at barna møter omsorg, humor, glede og vennskap i barnehagen! Vi er opptekne av at små og store skal ha ein positiv og kjekk barnehagekvardag saman med trygge og engasjerte vaksne.

 

Kom gjerne på besøk!