Trollbarnehagane sin historikk

Troll-lia barnehage opna 1 oktober 1989, det var då ein 1- avdelingsbarnehage med 10 born og to tilsette.

I 1994 kjøpte barnehagen huset og åpna då to avdelingar. I 2004 bygde barnehagen på og fekk då fire avdelingar for barn i alderen 0-6 år.

Troll-lia barnehage ligg i landlege omgjevnadar på Frøystad. der er ca 20 årsverk.

I 2006 vart barnehage nummer to, Troll-myra bygd sentralt på Eggesbønes. Dette er ein fireavdelingsbarnehage for born i alderen 0-6 år. Der er ca 20 årsverk.

Frå 1989 til i dag har rammene for barnehagane endra seg enormt og barnehagen sin visjon har også endra seg i takt med samfunnsutviklinga. Det som før var barnehagen sin visjon "Ut på tur aldri sur, vi tek vare på kvarandre, dyr og natur", har utvikla seg til å verte barnehagane sitt motto.

Den nye visjonen "Med hjerte for barna" seier noko om kva eigarar og tilsette meinar barnehagen er i det samfunnet vi lever i og dei rammene styresmaktene legg føringar for.