Rosaruss

Trollbarnehagane har eit eige russeopplegg for dei som skal starte på skulen. Det skal vere stas at dei snart skal begynde på skule!

Dei får eiga russeplass i garderoba, base i naustet i Toftestøda og rosarusskleder. Gjennom heile året blir det gjennomført spennande aktivitetar. Dei får øve seg på skuleforberedande oppgåver, ulike prosjekt, og spennande turar. Rosarussane er også på bading ein gong i veka!

Det er ekstra stas at dei har Trollbuda i Toftestøda. Det er rosarussane sin plass, og dei er der ofte. Om våren og sommaren er det ekstra kjekt med båtturar, fisking og fanging av krabbar. Den private tilgongen på brygge og fjære gjer det ekstra kjekt for borna.

Gjennom året har vi ulike prosjekt som omhandlar sjølivet. Då får vi opplæring av dei profisjonelle kokkane våra om livet i havet. Der hovudfokuset er - frå sjø til munn. Ungane får oppleve å lage mange ulike sjørettar mange berre kan drøyme om. Dei får både smake på breiflabb, ål, steinbit, flyndre, hummar, reke og krabbe. Alt frå tradisjonell husmannskost til sushi.

I tillegg får ungane fare på ei oppdagelsesferd til Akvariet i Ålesund. 

Her er ein smakebit: