Om Troll-myra

Velkomen til Troll-myra barnehage! Saman med våre ansatte arbeidar vi for å skape magiske stundar saman med borna. Vi set barna i sentrum - alltid.

Troll-myra er ein privat barnehage som ligg på Eggesbønes. Vi er ein naturbarnehage med 5 kjekke avdelingar frå 0-6 år. Vi har eit godt samarbeid med kvarandre og vi kjenner godt til barn og vaksne på dei andre avdelingane. Trollbarnehagane har eit godt samarbeid året igjennom.

Vi har fokus på tilknyting, det å skape gode relasjonar mellom barn-vaksne, barn-barn og personal-foreldre, som gir barna glede og trygge rammer i barnehagekvardagen deira. Det er viktig for oss at barna møter omsorg, humor, glede og vennskap i barnehagen! Vi er opptekne av at små ogstore skal ha ein positiv og kjekk barnehagekvardag saman med trygge vaksne. Vi delar oss i mindre grupper kvar dag, dette for å få trygge og gode dagar for barna.

Vi brukar god tid på overgongen frå småbarnsavdeling til storbarnsavdeling. Vi er mykje på besøk med den avdelinga barnet skal starte på og barnet får sjølv flytte korga si frå småbarnsavdelinga til storbarnsavdelinga. 

Vi går ofte på tur til alle dei kjekke områda vi har i nærmiljøet vårt. Der får barna fysiske utfordringar av ulik grad. Turane kan være både korte og lange, der turmåla i nærområdet kan være Lunvik, Skumlesund, Vikefjøra, Trollbuda, Klatretreet, eller vi tek oss ein tur i Trollskogen som ligg ved sidan av barnehagen. Vi har mange områder rundt oss som byr på fysiske og motoriske utfordringar som gir oss positive opplevingar. Vi er mykje ute og brukar naturen i det daglege. Vi samlar inn naturmateriale som vi finn og lagar ofte noko av det når vi kjem tilbake til barnehagen. Vi har gjerne med ei spennande bok i sekken og brukar det vi finn i naturen for å dramatisere eventyr og andre spennande forteljingar på turane våre.

 

 

Velkomen til oss!